Gjeldande reglar og tilrådingar - 2 meter avstand og færrast mogleg nærkontaktar

Klikk for stort bildeVi minner om at tiltaka under framleis er gjeldande.

Hugs å halde to meter avstand og nytt munnbind der dette ikkje er mogleg.  

Status 07.04.2021

Risikonivå: 1
Smittesituasjon: 0 stadfesta smitta
Vaksinasjon: Det er totalt 384 innbyggjarar som har fått 1. dose med koronavaksine i Lom kommune, og 181 har fått 2.dose.

Her er nokre viktige tilrådingar:

  1. Hald fram med å vaske hender, hoste i papirlommetørkle, halde deg heime om du er sjuk og teste deg ved symptom.
     
  2. Hald 2 meter avstand der det er mogleg, kan du ikkje halde to meter avstand – bruk munnbind.
     
  3. Bruk munnbind på butikken. Er du på butikken er du oppmoda til å bruke munnbind, sjølv om du kan halde to meter avstand.
     
  4. Ha færrast mogleg nærkontaktar. Ein husstand er oppmoda til å ikkje ha besøk av fleire enn 2 personar. Dette gjeld både på hytta, i hagen og i huset ditt. I løpet av ei veke bør du ikkje ha fleire enn 10 nærkontaktar.
     
  5. Hald deg til dei strengaste reglane. Kjem du frå eit område med strengare reglar enn i Lom, skal du følgje same reglar som der du kjem frå.

    Bur du i Lom, men skal til ein kommune med strengare reglar enn her, skal du følgje reglane i den kommunen du kjem til.
     
  6. Prøv å sørge for at du ikkje er einsam. Bur du aleine kan du ha 1-2 faste vener du har som dine nærkontaktar, eventuelt ein husstand.
     
  7. Barn/unge under 20 år kan ha 1-2 faste vener i tillegg til eigen husstand og kohort i skule/barnehage.
     
  8. Blir du sjuk medan du er bortreist er du oppmoda til å reise heim dersom det er mogleg, dette gjeld og eventuelle nærkontaktar.

Lokale presiseringar

  • Midtgard/Lom kommune:
  • Lom friviljugsentral:
  • Arrangement:
    Arrangement bør utsettast eller avlysast. Inntil vidare blir det ikkje kommunale arrangement, med unntak av ungdomskveldar i Utgard. Det blir gjort ny vurdering etter 14. april.
     
  • Utgard:
    • Idrettshallen i Utgard er ope for organisert aktivitet for dei under 20 år.
    • Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei som bur i Lom og som har abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningslinjer.
    • Spinningrom er stengt for organisert spinning.
    • Ungdomskveldar blir gjennomført som planlagt.
    • Det vil inntil vidare ikkje vere kino eller andre kulturarrangement i Utgard.
       
  • Skule:
    • Barnehage og skule er på gult nivå. 
    • Lom og Skjåk kulturskule held stengd til over påske.

Og hugs:

  • Har du symptom, ikkje vent med å ringe koronatelefonen. Det er viktig at du får testa deg så fort som råd. Koronatelefonen i Lom (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00. 
  • Hald hendene reine, host i papirlommetørkle, hald avstand og hald deg heime om du er sjuk
  • Unngå reiser som ikkje er naudsynte. 
  • Set deg inn i, og følg, dei nasjonale tiltaka, du finn dei på helsenorge.no.

Helsing kriseleiinga i Lom kommune, 24.03.2021