Gjeldande reglar og tilrådingar i Lom kommune - oppdatert 23.06.2021

Klikk for stort bilde Lom kommune held fram med å følgje dei nasjonale reglane og tilrådingane.  

Nå er sommaren her, det er auka trafikk i Lom og vi er avhengig av di hjelp for å unngå smittespreiing. Vi vil derfor minne om at det er ekstra viktig å halde minimum ein meter avstand til andre, ha god hand- og hostehygiene, samt halde deg heime og teste seg så fort som råd, dersom du har koronasymptom.

Elles held Lom kommune fram med å følgje dei nasjonale reglane og tilrådingane. Les meir informasjon i punkta under.

På førehand, tusen takk for hjelpa til både innbyggjarar og besøkande! Vi ynskjer dykk alle saman ein fin sommar!

For oppdatert status på vaksinasjon og koronasituasjon, sjå Status i Lom. 

Gjeldande reglar og tilrådingar i Lom kommune, oppdatert 23.06.2021

  1. Minimum ein meter avstand
    Hald minimum ein meter avstand til andre, hugs dette når du står i kø. Det er og framleis fornuftig å bruke munnbind, men dette er ikkje lenger ei føring frå kommunen. Butikkar og andre verksemder bestemmer sjølve om dei ynskjer at munnbind skal bli brukt.
     
  2. Du kan ha besøk av inntil 20 personar
    Du kan ha besøk av inntil 20 personar, men hald deg gjerne til dei same nærkontaktene slik at totalt antal nærkontakter i løpet av ei veke ikkje blir så mange. Du er og oppmoda til at du i størst mogleg grad har dei sosiale møtepunkta utandørs.

    Beskytta personar kan ha meir sosial nærkontakt med andre, og reknast ikkje inn i antal gjestar du kan ha på besøk. Dette gjeld i private heimar. 
     
  3. Ver ekstra varsam på symptom

    Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

    Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.
    Sjå eigne tider for testing på helg.
     

  4. Publikumsstadar er oppmoda til å ha ekstra fokus på smittevern generelt, og avstand spesielt
    Kafear/restaurantar og andre publikumsstadar er oppmoda til å ha eit ekstra fokus på at smitteverntiltak blir overhalde. Dette gjeld mellom anna avstand, registrering av besøkande og handhygiene.

    Butikkar må fastsette kor mange personar som maksimalt kan vere til stades i lokala ut frå storleik og utforming. Det skal kunne haldast minimum ein meter avstand mellom både kundar og tilsette. Som nemnt er det opp til butikkane om det er ynskjeleg med bruk av munnbind eller ikkje.

    Kriseleiinga viser elles til gjeldande bransjestandardar for den enkelte bedrift.

  5. Midtgard/Lom kommune
    Midtgard er stengt på grunn av ferieavvikling, og du må gjere avtale på førehand dersom du treng eit møte med nokon. Du må og hugse å registrere deg inn og ut att slik at eventuelt smittesporingsarbeid blir så effektivt som råd.

    Det er framleis slik at arbeidsgjevar bør sørgje for at tilsette jobbar heime dersom det er mogleg. Fleire vil derfor framleis ha heimekontor i større eller mindre grad.

    Treng du eit møte med nokon i Lom kommune kan du ta kontakt med sakshandsamar direkte  eller ringe servicetorget: 61 21 73 00.
     
  6. Arrangement
    Kriseleiinga viser til dei nasjonale føringane for arrangement. Vi presiserer at ein ikkje bør oppsøke arrangement i andre kommunar, dersom ein kjem frå ein kommune med høgt smittepress. 
     
  7. Utgard fleirbrukshus
    Kriseleiinga viser til dei nasjonale føringane for idretts- og fritidsaktivitet.
     
  8. Nyt sommaren!

Lom kommune viser elles til dei nasjonale tiltaka. Desse finn du på helsenorge.no.

 
Kriseleiinga, 23.06.2021, kl 15:00.