Gjeldande tilrådingar - oppdatert 5. april 2022
Epidemien i Norge har nådd smittetoppen og er nå klart synkande. 5. april oppheva Regjeringa rådet om å halde seg heime i 4 døgn ved stadfesta smitte.
Gjeldande tilrådingar
- Hald deg heime om du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
- Du treng ikkje å halde deg heime i 4 døgn.
- Kontakt lege om du har behov for helsehjelp.
- Du treng ikkje å teste deg med sjølvtest. Om du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime om du føler deg sjuk.
- Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hjå kommunen.
- Det er eigne tilrådingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19. Les meir om råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no).
Sjå meir om kva du gjer ved nyoppståtte luftvegssymptom på fhi.no.
Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengelege
I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengeleg sjølvtestar for dei som likevel ynskjer å teste seg. Råda ved positiv test er dei same; hald deg heime om du føler deg sjuk.
Sjølvtestar kan hentast på legekontoret i opningstida.
Publisert 20.04.2022 12.06