Gode råd - særskilt til barn og unge, men og til alle vaksne

Som vi har nemnt fleire gonger før, så opnar nå samfunnet sagte, men sikkert opp att. Det er ikkje dermed sagt at det er heilt fritt fram enda.  

Her kjem punktvis nokre gode råd med tanke på barn og unge si fritid, samt barnebursdagar. Du finn meir informasjon og råd på FHI sine nettsider. 

Råd om samvær og leik for barn og unge på fritida:

  • Barn og ungdom med symptom på luftvegsinfeksjon skal haldast heime og bør ikkje vere i lag med andre barn og ungdom utanfor familien. Dette gjeld og ved milde symptom.
  • For barn og unge som er attende i barnehage og på skulen, bør leik og samvær med andre barn på fritida fortrinnsvis gjerast med dei som dei er i same gruppe med der. Samvær og leik med andre barn og unge utanom gruppa bør begrensast til nokre få.  
  • Større barn og ungdom må minnast på å halde avstand til andre, også i uformelle settingar.
  • Leik og samvær bør fortrinnsvis skje utandørs.
  • Begrens overnattingsbesøk.
  • Vask hendene ofte, både før og etter samvær/leik, og ha god hostehygiene.
  • Opp til 20 barn og unge kan møtast, men alle bør halde minst ein meters avstand til kvarandre.

Barnebursdagar

  • Ingen sjuke kan møte, sjølv ikkje ved milde symptom på luftvegsinfeksjon. Dette gjeld og barn og unge som er i karantene eller isolasjon.
  • Det må vere muleg å overhalde god handhygiene, og handvask eller handdesinfeksjon skal vere lett tilgjengeleg. Hend bør reingjerast ved ankomst, før ein et og når besøket er over.
  • Dei inviterte bør fortrinnsvis vere frå dei same gruppene (kohorta) som barnet er i på skulen/i barnehagen. For ungdommar bør det vere andre frå same gruppe/klasse på skulen. Føremålet med dette er at barn og unge skal ha eit begrensa antal kontaktar.
  • Barn kan leike saman og vere i lag slik dei gjer i barnehage/skule, men unngå unødvendig nærkontakt, som til dømes klemming og handhelsing.
  • Større barn og ungdommar blir oppmoda til å framleis halde ein meters avstand til kvarandre.
  • Ein bør unngå at andre ledsagarar/deltagarar er tilstades. Dersom dette er nødvendig for enkelte barn, må ledsagar halde avstand til andre barn og vaksne samt følge vanlege smittevernråd.
  • Feiringa bør helst skje utandørs. Ved innandørs feiring er det særskilt viktig å ha god nok plass slik at alle kan halde anbefalt avstand.
  • Føresette til bursdagsbarnet/arrangør bør tilstrebe å halde avstand til dei andre barna som dei elles ikkje er nærkontakt til.
  • Mat bør serverast ferdig i porsjonar, også kake. Hugs reine hend hjå både dei som serverar og dei som et.

Sjå meir informasjon på FHI si nettside.

Klikk for stort bilde