Informasjon til gravide og fødande

Her er litt informasjon til deg som snart ventar barn (sjå og nyttige linkar over): 

Jordmortelefon Lom:

  • 900 24 427
  • Tilgjengeleg mellom 08:00-20:00 


Trur du fødselen er i gang?

  • Ring avdelinga du skal føde hos
  • Vi vurderer smitterisiko individuelt, både på mor og partner - du får derfor spørsmål knytt til dette
    • Dersom far/partner har vore i utlandet dei siste 2 vekene kan partner ikkje vere på fødselen 
    • Dersom far/partner har luftvegsinfeksjon/smitte kan partner ikkje vere med på fødselen
    • Dersom mor har luftvegsinfeksjon/smitte vil mor vere i isolasjon
    • Far/partner kan ikkje vere med ved keisersnitt

Om barselopphald 

  • Barselopphald haldast så kort som mogleg (2 døgn ved normal fødsel)
  • Far/partner får ikkje vere med på barselavdelinga
  • Besøk av andre er ikkje tillate, heller ikkje søsken 
  • Eventuell isolasjon blir vidareført på barsel
  • Nyfødde ungar kan ikkje bli teke med ut av avdeling før utskriving 

Om polikliniske konsultasjonar

  • Ta kontakt med avdelinga i forkant av timen
  • Oppsatte timar går som normalt om ikkje anna beskjed blir gjeve
  • Det er særs viktig å forhalde seg til informasjon som blir sendt ut på SMS i forkant av timen
  • Far/partner skal ikkje vere med fordi vi må begrense besøk på sjukehus
  • Far/partner får ikkje vere med på ultralydscreening

Har du spørsmål knytt til svangerskapet ditt?
Still desse spørsmåla til lokal jordmor/fastlege i størst mogleg grad. Dei kan vurdere deg og eventuelt sende deg vidare. 

Telefonnummer jordmor i Lom: 900 24 427 (08:00-20:00).