Hytteforbod oppheva, men vi skal ikkje dra på unødvendige fritidsreiser

20. april vart hytteforbodet oppheva, samstundes er vi oppmoda til å ikkje foreta unødvendige fritidsreiser.

Kva som er ei nødvendig og unødvendig fritidsreise er opp til den enkelte å avgjere, og vi er derfor heilt avhengig av at alle tek sin del av ansvaret og er lojale overfor dei nasjonale føringane. 

Utfordringa vi står i nå, er at dersom vi får mykje forfløtting av folk med ein gong, vil det bli ein større risiko for smittespreiing. Noko som sjølvsagt ikkje er ynskjeleg, og som kan føre til innstrammingar att. 

Nytt tida til å utforske eige område. Nå er snøen stort sett borte i bygda og du kan ta joggeskoa fatt og rusle deg ein tur til Staurustberget, sykle deg ein tur til pumptracken på barneskulen. Du kan køyre deg ein tur til Soleggen og gå på ski til Sålell, pusle eit puslespel med 3000 brikker, fiske på Skim. Eller berre nyte sola med ein kaffekopp på trammen. 

Berre hugs at vi må halde avstand til kvarandre, ha god handhygiene og hoste i papirlommetørkle - dette gjeld både ute og inne. 

Vi veit dei aller fleste av dykk framleis er like lojale og tålmodige, men ei lita påminning kan vere nyttig for oss alle likevel.  

  

Les gjerne og det Fylkesmannen i Innlandet har skreve om å unngå fritidsreiser og om hytteforbodet.

Klikk for stort bilde Rønnaug Nyrnes