Informasjon om koronavaksinasjon i Lom kommune

Klikk for stort bildeOm få veker byrjar vaksineringa mot korona for innbyggjarane i Lom kommune, og planlegging av gjennomføring er i gang. Lom kommune vil fortløpande dele informasjon på kommunen si nettside og Facebook-side

Koronavaksinasjon er ein del av av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby vaksinasjon til sine innbyggjarar. Koronavaksina er gratis og friviljug.

Det er ikkje klart når Lom kommune får dei fyrste dosene. Personar som skal prioriterast, jamfør prioriteringsliste under, blir kontakta av legekontoret for tilbod om vaksine. Ein skal altså ikkje kontakte legekontoret eller fastlege kring dette sjølv. 

I starten vil det ikkje vere nok vaksiner til alle som blir anbefalt koronavaksine. Basert på råd frå Folkehelseinstituttet, har Regjeringa gjeve fylgjande prioritering:

  1. Bebuarar i sjukeheim
  2. Dei i alderen 85 år og eldre
  3. Dei i alderen 75-84 år
  4. Dei i alderen 65-74 år og enkelte personar med høg risiko 18-64 år. 
  5. Dei i alderen 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand
  6. Dei i alderen 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
  7. Dei i alderen 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand
  8. Dei i alderen 55-64 år
  9. Dei i alderen 45-54 år 

Les meir om prioriterte grupper.

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn andre grupper av befolkninga, men dette kan endrast om smittepresset aukar, og om smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg. 

Meir info om koronavaksina finn du på Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk.

 

Artikkelen vart oppdatert 22.12.2020, kl 10:09.