Informasjon om krisepakka til idrett, kultur og frivilligheit

14. april kan frivilljuge lag og organisasjonar og arrangørar i kultursektoren søke om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengde arrangement. Fordi det er stutt søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkarane kan bruke tida fram mot 14. april på å førebu seg.

Over heile Norge har ei rekke arrangement innan idrett, kultur og frivilligheit vorte avlyst, utsett eller stengt. Krisepakka, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen.

Det blir opna for søknadar 14. april, men allereie nå ligg det mykje god informasjon, vegleiing, og spørsmål og svar på nettsidene til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot arrangørar i kultursektoren.

Les meir om desse ordningane på deira nettsider www.lottstift.no og www.kulturradet.no

Klikk for stort bildeLeik med ball i Utgard Lom IL