Ingen positive koronaprøver i sommar, men framleis må vi vere på vakt!

Skulen har starta opp att og ferien er over for dei fleste av oss. 
I Lom har det vore ein sommar med mykje folk og legekontoret har testa fleire folk kvar dag. Ingen har testa positivt. Likevel må vi framleis vere på vakt. 

Måndag starta skulen opp att på gult nivå - det same som før sommaren, jamfør nasjonale retningsliner for skule og barnehage, samt erfaringar som kommunen gjorde seg i vår. 

Kommunen håpar alle elevar, føresette og tilsette hadde ein god skulestart og at det kjendest trygt å byrje på att. 

Legesenteret har gjennom sommaren hatt god testkapasitet, og har testa fleire personar kvar dag. Til nå har ingen av desse prøvene vore positive - dette til trass for at vi har hatt ein sommar i Lom som vi i år kanskje berre kunne drøyme om. 

I ein artikkel i Dagens næringsliv 27.07.2020 kunne ein lese at Lom er ein av kommunane i Norge med størst auke i kredittkortbruk samanlikna med fjoråret. Heilt nøyaktig så ligg Lom på 7. plass, med ei auke på 189%. 

Bedriftene i Lom har gjort ein fenomenal innsats med tanke på smittevern gjennom sommaren. Med det trykket som mange har hatt så har ikkje dette vore ei enkel oppgåve. Framover kan det bli litt ekstra spennande att, sidan vi denne hausten kan vente oss mindre trafikk frå utlandet. Så har du att litt feriepengar, så kanskje du skal unne deg ein betre middag, ein guida tur eller ei overnatting til fjells i nærområdet? 

Sjølv om det i sommar ikkje er nokon som har testa positivt på koronaviruset i Lom, så er det ikkje dermed sagt at vi kan senke guarden. Enda veit vi ikkje heilt kva vi kan ha teke med oss heim frå ferie.  

Så her kjem ei påminning att: 

  1. Ha god hand- og hostehygiene
  2. Hald minst ein meter avstand
  3. Hald deg heime om du har luftvegssymptom, og ring legekontoret for testing 

 Er du i tvil om du bør testast eller ikkje, så ikkje nøl med å ringe legekontoret så avgjer dei kva som skal gjerast. Er du sikker på at du "berre" er forkjøla? Ring legekontoret likevel. 

Klikk for stort bilde