Kjære alle friviljuge - med dykk på laget blir vi rusta for tida som kjem

Dei som kjem innom legekontoret framover vil sjå nokre nye fjes - felles for dei alle er at dei er positive og glade, og gjer ein viktig jobb for oss alle saman. Så vis litt omtanke, og ver litt tålmodig dersom det blir litt ventetid. 

Med hjelp av dei friviljuge som har meldt seg, er legesenteret godt rusta for både nåtid og framtid med tanke på Covid-19. Vi er glade og takksame for alle som har teke kontakt, her representert med ei fin gjeng: 
Klikk for stort bilde

Framover treng vi mange friviljuge som ynskjer å hjelpe til på ulike avdelingar i helsetenesta. Ynskjer du å hjelpe til? Registrer deg i kontaktskjemaet vårt, så vil du bli kontakta når behovet er der.

Så kan vi og minne om:  
Det er eige venterom for dei som skal testast for koronaviruset, og det er eigne legar/sjukepleiarar som er sett til arbeidet. Dette betyr at dei som handterer pasientar med mistanke om smitte IKKJE er i kontakt med andre pasientar. 

Dei som skal til vanleg legetime nyttar det vanlege venterommet. ALLE som treng det, får time sjå lege - ikkje ver redd for å ta kontakt ved behov. Dr. Christen Halle og turnuslege er parat for deg som treng det. Inntil vidare er og Merete Byre-Haakensen tilgjengeleg for sine pasientar, men som vi alle veit - situasjonen kan brått endre seg. 

Hugs at det og er mogleg å få konsultasjon via telefon, dersom du ikkje ynskjer å dra innom legekontoret.

Hald hjarta varmt, hovudet kaldt - og hendene dine reine.