Kjære alle innbyggjarar i Lom - og dykk som kjem heim til jul

 Nå er jula rett rundt hjørnet, og mange kjem heim for å feire jul med familien sin. Også i år blir det ei annleis jul for mange, med strenge smitteverntiltak.

Vi må mellom anna halde avstand til dei vi ikkje bur saman med, og vi må nytte munnbind om det ikkje let seg gjere å halde ein meter avstand. 

Vi kan ikkje ha fleire enn 10 personar på besøk, og vi bør i størst mogleg grad møtast ute. Det er likevel opna for at vi kan ha besøk av inntil 20 personar ein gong i løpet av jula.   

Meir om gjeldande reglar og tilrådingar kan du lese i denne saka. Elles er all koronarelatert informasjon samla under temasida for korona

 

Testing 

Får du luftsvegssymptom eller andre symptom på korona, så bør du teste deg. I denne saka finn du informasjon om kva du skal gjere.  

 

Nyttige telefonnummer 

Jula er ei tid som kan vere utfordrande for mange, og Lom kommune ynskjer at alle skal få ei så god og trygg jul som mogleg. 

Treng du til dømes nokon å snakke med eller hjelp i ein vanskeleg situasjon, så ikkje nøl med å ta kontakt med hjelpeapparata. Du finn ei oversikt på viktige telefonnummer her.  

Som ungdom finn du i tillegg fleire chatte-tenester på ung.no. 

 

Reduserte opningstider i jula

I jula er det reduserte opningstider ved fleire tenester. Her finn du ei oversikt på opningstidene til mellom anna servicetorget, legekontoret og psykisk helseteneste . 

 

Kunne du tenkje deg å stille som friviljug?

Lom kommune er førebudd på at det kan bli ein tøff vinter med mykje smitte. Det er ikkje sikkert det blir det, men betre føre var enn etter snar. Dersom vi skulle få ein situasjon med mykje smitte, er vi avhengig av å kunne hjelpe kvarandre med både smått og stort. 

Dette la vi ut ei sak om måndag 20. desember. Fleire har allereie meldt seg og det er vi svært takksame for! Dersom du ynskjer å melde deg, så finn du meir informasjon og registreringsskjema her.

 

Med ynskje om ei god jul til kvar og ein!  
Ta vare på kvarandre. 

Beste helsing 
Lom kommune