Kjære Lomværar og Gudbrandsdølar - ei helsing frå ordføraren

Klikk for stort bildeOrdførar Bjarne Eiolf Holø på Bøvertunsvatnet i går, 14. mars 2020. Kjære Lomværar og Gudbrandsdølar!

Vi står nå ovanfor ei svært utfordrande tid, ikkje berre for Lom og Gudbrandsdalen, men for heile Noreg og resten av verda. I ei slik tid er det svært viktig å stå saman og støtte kvarandre. Sjølv om det nå ikkje er tida for samankomstar og vennebesøk, kan vi likevel vise at vi bryr oss om kvarandre. Ta ein telefon, send ei melding og vis at du bryr deg.

Mange er sett i karantene og ein del er isolert på grunn av smitte. Det er viktig at vi nå overheld lokale og nasjonale myndigheiter sine råd for korleis vi skal handtere denne situasjonen. Mange vil oppleve ein usikkerheit dei komande dagane og vekene, da særleg for korleis kvardagen vil verta og om økonomien strekk til.

Som politisk leiar for eige kommune og for eigen region, vil eg saman med gode kollegaer i heile Gudbrandsdalen og sikkert langt utover dette gjere mitt for å påverke nasjonale myndigheiter til å setja inn tiltak som skal trygge både næringsliv og arbeidstakarar.

I Gudbrandsdalen skulle vi nå gå inn i ei tid som legg eit stort grunnlag for inntektene våre for resten av året. Gudbrandsdalen er ein av dei største turistdestinasjonane i landet, og følgeleg kjem store deler av inntektene våre frå besøkande. Vi har mange store arrangement utover våren og sumaren som truleg kan verta avlyst eller utsett. Desse arrangementa gjev i tillegg til direkte sysselsetting også kjærkomne inntekter til friviljuge lag og organisasjonar.

Vi vil heilt sikkert oppleva ei krevjande tid framover også etter at dei strengaste restriksjonane vert oppheva. Vi må da stå saman og støtte kvarandre i kvardagen, hjelpe til med vår sterke dugnadsånd for at lag og organisasjonar skal kunne tilby aktivitetar og opplevingar for alle folk. Vi må og sørgja for å dele av godane slik at dei som opplever ein stramare kvardag for best mogleg bistand.

For dei komande dagane vil eg spesielt rette ein takk til alle dykk som står på ekstra for å yte både helsehjelp og anna viktig hjelp for at samfunnet skal fungere så bra som mogleg og at alle skal få den hjelpa dei til kvar tid treng. Vi opplev nå at alle dei som jobbar i dei lågast lønna yrka vert dei viktigaste bidragsytarane, det er noko eg meiner vi skal ta med oss framover når storsamfunnet skal prioritere sin fordeling av våre økonomiske godar.

Eg vil også oppmode alle som nå må vere heimeverande og som ikkje er sjuke om å halde seg i aktivitet. Det er ingen som skal måtte sitte innesperra, det er lov å gå ut for trekke frisk luft og oppleva noko anna en det som er innanfor husets fire veggar. Men oppsøk ikkje andre utanom din eigen husstand og følg reglane om å halde avstand til folk du møter ute.

Med desse orda vil eg ynskje alle ei god veke og håpar at flest mogleg held seg friske.

 

Med helsing

Bjarne Eiolf Holø

Ordførar i Lom kommune og Regionrådsleiar i Nord-Gudbrandsdal.