Koronastatus 10.01.2022

Pixabay_Piro4D Det er nå 3 stadfesta smitta i Lom kommune.

Dei smitta er isolert, og blir fylgd opp av kommunens helseteneste. Det er ingen samanheng mellom dei tre stadfesta smitta. Eitt av tilfella har ukjent smitteveg.

Per nå er 15 nærkontaktar i karantene.

Milde symptom

Ein får gjerne milde symptom dersom ein blir smitta av omikron-varianten. Det er derfor særs viktig å teste seg ved minste symptom. Les meir om testing her.

Vi er sårbare

Vi er sårbare, og sjukefråværet kan bli høgt dersom mange blir smitta likt. I tillegg er det mange som får 3. dose i desse dagar, men framleis er ikkje alle tilstrekkeleg beskytta.

Hald derfor fram med å følge smitteverntiltaka. Les meir om reglar og tilrådingar her.

Statusoppdateringar framover

Da Norge gjekk attende til ein "normal kvardag med auka beredskap" i september 2021, bestemte kriseleiinga i Lom kommune at vi ikkje lenger skulle oppdatere status på antal smitta, med mindre det vart eit større utbrot. Det vil seie at vi til dømes ikkje oppdaterte status når det berre var ein smitta med kjend smitteveg, og god kontroll på situasjonen.

På bakgrunn av myndigheitene sin overgang til kontrollstrategi og aukande smitte i samfunnet, vil vi framover oppdatere status på smittesituasjon når den endrar seg.