Koronaviruset - Helseheimen er stengt for besøkjande og alle arrangement er innstilt

Helseheimen er stengt for besøkjande
Helseheimen tek kun imot nødvendige besøk framover. 
Dersom ein meiner at besøk er nødvendig, må ein gjere avtale ved å ringe
vakttelefon (488 96 477) fyrst. 

Innstiller alle arrangement
Pleie og omsorg innstiller alle arrangement og all aktivitet frå friviljuge ved Lom helseheim inntil vidare. Aktivitetstilbodet Aktive saman blir og utsett inntil vidare. Dette gjeld både gruppeaktiviteten i Kultursalen, og lunsjen som foregår på Lom helseheim. 

Dette med bakgrunn i tilrådingar om førebyggande tiltak mot smittespreiing.
Vi kjem tilbake til tidspunkt for oppstart igjen etter kvart.