Kriseleiinga kjem med oppdaterte køyrereglar for Lom kommune torsdag 15. april

Klikk for stort bildeRegjeringa har varsla at dei vil vurdere gjeldande reglar og tilrådingar 14. april. I samband med dette har Statsforvaltaren i Innlandet kalla inn til møte torsdag 15. april.

I etterkant av møtet med Statsforvaltaren skal kriseleiinga i Lom kommune vurdere dei lokale tiltaka. Informasjon om gjeldande lokale reglar og tilrådingar vil med andre ord kome i løpet av torsdag ettermiddag/kveld.

Fram til da er det viktig at vi held fram med å halde to meter avstand, og at vi brukar munnbind dersom det ikkje let seg gjere å halde to meter avstand. På butikkane er du oppmoda til å bruke munnbind sjølv om du kan halde to meter avstand.

Les meir om lokale reglar og tilrådingar som er gjeldande fram til neste oppdatering.

Kriseleiinga viser elles til dei nasjonale reglane og tilrådingane.

 

Kriseleiinga i Lom kommune, 12.04.2021.