Kriseleiinga rår ifrå arrangement som samlar personar frå fleire kommunar

Klikk for stort bildeVi er i ein utfordrande situasjon nasjonalt, med aukande smitte og mutert virus, og påska er rett rundt hjørnet. Eit overordna fokus for kommunen nå, er å redusere antal treffpunkt. 

Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør derfor utsettast eller avlysast. Det blir ikkje kommunale arrangement før påske, med unntak av ungdomskveldar i Utgard.

Vidare følgjer ei oppdatering frå kriseleiinga 11. mars: 

Status

Risikonivå: 1
Smittesituasjon: 0 stadfesta smitta
Vaksinasjon: 251 innbyggjarar har fått 1.dose koronavaksine, 120 innbyggjarar har fått 2.dose.

Påska

Vi er i ein utfordrande situasjon nasjonalt, med aukande smitte og mutert virus, og påska er rett rundt hjørnet.

Regjeringa har varsla at dagens tiltak skal vidareførast, føresett at smittetalet går ned. Det er vidare varsla at det kan kome strengare tiltak på stutt varsel.

Statsforvaltaren opplyste i dagens møte at det vil bli eit informasjonsmøte med kommunane om påska den 25.mars. På bakgrunn av dette og avventande nasjonale tiltak, er det svært utfordrande å planlegge for påska.

Ver trygg på at vi gjer det vi kan for å kunne kome med meir informasjon så fort som råd, men som vi har nemnt så mange gonger før – viruset er uføreseieleg.

AstraZeneca-vaksinen

Mange har sikkert fått med seg at AstraZeneca-vaksinen nå er satt på vent inntil vidare. Lom kommune forheld seg til dette og vil ikkje bruke denne vaksinen før legemiddelverket godkjenner bruken. Kommunen har fått informasjon om at det førebels ikkje er påvist nokon samanheng mellom vaksine og blodpropp.

Reglar og tilrådingar

Kriseleiinga har hatt møte i ettermiddag. Eit overordna fokus for kommunen nå er å redusere antal treffpunkt. 

Nasjonale tiltak: 

Sjå helsenorge.no 

Lokale presiseringar

Arrangement:

  • Arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør utsettast eller avlysast. Det blir ikkje kommunale arrangement før påske, med unntak av ungdomskveldar i Utgard. Det blir gjort ny vurdering etter 12. april.

Midtgard/Lom kommune:

  • Møteromma på Midtgard er stengt førebels fram til påske, og skal berre nyttast når det er heilt nødvendig.    
  • Treng du å prate med ein sakshandsamar i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ring sakshandsamar direkte eller ta kontakt med servicetorget: 61 21 73 00

Lom friviljugsentral:

Utgard:

  • Idrettshallen i Utgard er ope for organisert aktivitet for dei under 20 år.
  • Styrke- og spinningrom er ope for uorganisert individuell trening (for dei med abonnement). Sjå nettsida til Utgard for retningslinjer.
  • Spinningrom er ope for organisert spinning med maks 7 personar (inkludert instruktør). Sjå retningslinjer. 
  • Ungdomskveldar blir gjennomført som planlagt.
  • Det vil i perioden fram til 12. april ikkje vere kino og andre mindre kulturarrangement i Utgard.

Skule:

  • Barnehage og skule er på gult nivå. 

Og hugs:

  • Har du symptom, ikkje vent med å ring koronatelefonen. Det er viktig at du får testa deg så fort som råd. Telefon: 481 65 519 (kvardagar 09:00-15:00). 
  • Hald hendene reine, host i papirlommetørkle, hald avstand, hald deg heime om du er sjuk og unngå reiser som ikkje er naudsynte. 
  • Set deg inn i, og følg, dei nasjonale tiltaka, du finn dei på helsenorge.no.

 

Helsing
kriseleiinga i Lom kommune, 11.03.2021