Lom helsesenter er rigga for den nye normalen

Lom helsesenter er så og seie attende til normalen, men framleis må vi hugse at vi ikkje skal oppsøkje helsesenteret utan avtale på førehand. 

Helsesenteret har nå rigga seg til for den nye normalen. Legane er i tilnærma normal drift, og Lom helsestasjon er attende i sine eigne lokale att. Det som framleis er noko annleis er som følgjer: 

  1. Du skal ikkje møte opp fysisk på helsesenteret utan avtale. Det betyr at dersom du skal bestille legetime eller fornye resept så må du anten ringe eller bestille via helsenorge.no 
     
  2. Kjenner du på luftvegssymptom/forkjølingssymptom så skal du ringe legekontoret. Er du i tvil så skal du ringe. På Folkehelseinstituttet (fhi.no) finn du informasjon om ulike symptom på Covid-19
     
  3. Dersom du skal testast så får du all nødvendig informasjon kring oppmøte og sjølve testinga når du ringer legesenteret. Skulle du ha behov for tilsyn av lege grunna Covid-19, så er det sett av eit eige smitterom til dette på baksida av legesenteret.

Lurar du på noko kring Covid-19, så hugs at du finn svar på mange spørsmål på FHI og helsenorge.no sine nettsider. 
 

Hald avstand, vask hender, host i papirlommetørkle - og ha ei fin helg!
  
Helsing Lom kommune

Klikk for stort bildeStine og Liv Marie på Lom helsestasjon er glade for å vere attende i lokala sine att.