Lom kommune ynskjer oversikt over tilgjengeleg helsepersonell

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag? Da blir vi veldig glade og takknemlege om du vil registrere deg her!

Er du alderspensjonist? Du kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon! 
Regjeringa lempar med umiddelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert.

Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.

I fyrste omgang ynskjer vi berre ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell, men dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg. 

For å halde oversikt over alle som ynskjer å bidra, så må alle registrere seg via skjemaet under.

Foreløpig er det berre mogleg for friviljuge som er utdanna innanfor helse, med minimum fagbrev, å melde seg til helserelaterte oppgåver, men behova for frivillig arbeid kan endre seg.

Ordna forhold i kommunen:
Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber løn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.

Har du spørsmål så ta kontakt med: 
Oda Evy Øyen:
94 15 37 93 // oda.evy.oyen@lom.kommune.no 
Marianne Randen: 48 16 55 25 // marianne.randen@lom.kommune.no 

Registreringsskjema for friviljuge helsearbeidarar som kan bidra i Lom













Felt merket med * må fylles ut


Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D