Midtgard opnar att måndag 25. mai

I dag 25. mai opnar Midtgard for publikum att, og servicetorg/sentralbord har nye opningstider. I samband med dette håpar vi du tek deg tid til å lese informasjonen nedafor. 
 

Smitteverntiltak

Naudsynte smitteverntiltak er iverksett med mellom anna spritdispensarar ved inngangar og møterom.

I tillegg oppmodar vi alle til å halde avstand til kvarandre. Gjerne opp til 2 meter der det er mogleg. 

Gjer gjerne ei avtale på førehand før du kjem, så slepp du eventuelt å måtte kome fleire gonger, og vi unngår unødvendig trafikk på kommunehuset. Nytt deg av e-post og telefon så langt som råd. 

For å gjere eventuell smittesporing enklare, må alle som besøker Midtgard registrere seg – dette gjeld både eksterne og tilsette som ikkje har fast kontorplass/arbeidsplass på Midtgard.

Når du kjem inn står det eit bord der det er ynskjeleg at du noterar følgande:

  • Namn
  • Dato
  • Klokkeslett når du kjem
  • Klokkeslett når du går att.

Namnelister blir makulert etter 3 veker. 
Hugs å sprite deg både før og etter signering. 

Har du symptom skal du IKKJE kome på Midtgard. Hald deg heime og ring lege. 

Vi ser fram til å opne att og håpar alle tek omsyn til retningslinjene på Midtgard. 

 

Opningstider i servicetorget

Opningstidene på servicetorget og sentralbord er endra: 
Kvardagar 10:00-14:00.  

Klikk for stort bildeMidtgard Lom kommune