Informasjon til næringslivet i Lom kommune

Lom kommune viser til Helsedirektoratet sine tilrådingar
Ovanfor finn du lenkjer til nyttige sider med oppdatert informasjon.


Informasjon frå Lom kommune finn du på nettsida til kommunen, på Lom næringsforum på Facebook, samt nyheitsbrev. 

Påmelding nyheitsbrev: Send ein e-post eller ei melding til næringssjef Åshild M. Amundsen.  

Finn du ikkje svar på det du lurar på, ta kontakt med næringssjefen.  

Sjekk kven som har fått støtte til utviklingstiltak m.m.

Vedlagt ligg eit brev frå Fylkesmannen i Innlandet pr. 24. april knytt til drift av campingplassar og hytteutleige under korona-pandemien. 

 

 

Mange av dykk som driv overnattings- og serveringsstadar får mykje spørsmål frå folk som ynskjer å ta turen til Lom. Og kommunen forstår at det er vanskeleg for mange å kome med noko godt svar med tanke på om dykk kan halde ope eller ikkje.

Oppdatering 21.04.2020, kl 10:35: Vegleirar for smittevern i reiselivet er kome, sjå NHO si nettside.

Her kan du lese om den nyaste anbefalinga til serveringsplassar, den nye kompensasjonsordninga og tilskotsordning for friviljug sektor / kultur. 

 

Les om ei ny tilskotsordning for arrangement og ei sterk oppmoding frå kommuneoverlegen til alle overnattingsplassane i Lom. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977