Norge er i starten på andre smittebølge - nye råd frå regjeringa

Klikk for stort bildeI pressemelding 5. november skriv regjeringa at Norge er i starten på andre smittebølge. Viruset spreiar seg raskt og alle fylke har nå smitteutbrot - med Innlandet som eit av dei fylka med mest smitte. 

Smittesituasjonen i Innlandet er nå så alvorleg at Fylkesmannen har heva beredskapsnivået til oransje nivå.   

Lom kommune har per dags dato (06.11.2020) ikkje påvist noko smitte, men dette kan raskt snu om vi ikkje klarar å overhalde smittevernråda. Mellom anna er det viktig at du unngår unødvendige reiser, held deg mest mogleg heime og begrensar sosial kontakt med andre folk.

Lom kommune oppmodar deg til å sette deg inn i dei nye smitteverntiltaka. Desse finn du i pressemeldinga frå regjeringa

Hald hovudet kaldt, hjarta varmt og hjelp kvarandre med å overhalde smittevernreglane.  

Helsing 
Lom kommune