Nye smittetilfelle i Lom 17.04.2021, oppdatert 18. april kl 19:00

Klikk for stort bildeKommunen har fått stadfesta nye smittetilfelle. Det er kjent smittekjelde.

Status 18. april, kl 19:00

Ventekarantenen for skuleklassa ved Loar skule og dei to klassene ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Lom er oppheva. 

 

Status 17. april, kl 15:30 

Kommunen har fått stadfesta to nye smittetilfelle. 
Smittesporingsarbeidet er nå avslutta og kl 15:30 er totalstatusen følgjande: 

Stadfesta smitta: 3
Smittekarantene: 19
Ventekarantene: ca 100, derav ei klasse ved Loar skule og to klasser ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom.

Smitteveg er kjent og knytt opp til utbrotet i regionen.

Dersom du har forkjølingssymptom hald deg heime og ring koronatelefonen for å få testa deg så fort som råd. 

 

Status 17. april, kl 12:00

Smittesporing har vist at ein av passasjerane på bussen som gjekk frå Otta til Lom med avgang kl 15.00 den 13.04.21, var smitta. Ein ber om at passasjerar som tok denne bussen testar seg, og dei bør vere særleg oppmerksam på eiga helse. Dei skal ha låg terskel for å teste seg ved luftvegssymptom, også milde.

 

Status 17.april, kl 10:00

Kommunen har fått stadfesta eit nytt tilfelle. Kjent smittekjelde. 

Smittesporingsarbeid pågår. Førebels er det 9 nye nærkontaktar og ei klasse ved Loar skule er sett i ventekarantene. Vi kjem attende med totalstatus seinare i dag når smittesporingsarbeidet er ferdig.

Dersom du blir oppringt av eit ukjent nummer er det viktig at du tek telefonen. Dette kan vere smittesporingsteamet.

Dersom du har forkjølingssymptom hald deg heime og ring koronatelefonen for å få testa deg. 
Opningstider for koronatelefon/testing i helga:

Laurdag 17. april
Stad: Lom
Telefonnummer: 481 65 519
Opningstid koronatelefon: 10:00-12:30
Testing: 12:30-14:00.

Sundag 18. april
Stad: Skjåk
Telefonnummer: 909 89 436
Opningstid koronatelefon: 10:00-12:30
Testing: 12:30-14:00.