Nye smitteverntiltak frå 3. januar 2021 - lokale presiseringar

Klikk for stort bildeJuleferien og nyttårshelga er over, og smittesituasjonen nasjonalt viser at korona ikkje tok juleferie. 3. januar innførte regjeringa nye nasjonale smitteverntiltak. Tiltaka vil førebels vare i 14 dagar, for å få ei betre oversikt over situasjonen.
 

Mellom anna må vi avgrense sosial kontakt: 

  • Vent 14 dagar med å ta imot og gå på private besøk. Unntak for nødvendige heimetenester og besøk hjå personar som er i livets siste fase. Dei som bur aleine kan ha besøk, eller gå på besøk med ein til to faste vener eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. 
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangementar og livssynssamlingar innandørs, oppmodast til at blir utsett til etter 18. januar. Dette gjeld og alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/ kohortar 

Lokale presiseringar

Kriseleiinga i kommunen har gått gjennom dei nye tiltaka, og her kjem nokre lokale presiseringar som førebels er gjeldande fram til 18. januar: 

  • Lom kommune oppmodar til at alle arrangement blir utsett. 
  • Utgard er stengt for all aktivitet (med unntak av skulen). 
  • Lom friviljugsentral held stengt. Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post: ella.hoel@lom.kommune.no og telefon: 996 938 47
  • Treng du å prate med ein sakshandsamar i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ring sakshandsamar direkte eller ta kontakt med servicetorget: 61 21 73 00
  • Møteromma på Midtgard er stengt. 
  • Ungdomsskulen og vidaregåande skule går over til raudt nivå. Elevar og føresette har fått informasjon om kva dette inneber direkte frå skulane. 
  • Set deg inn i, og følg, dei nye nasjonale tiltaka, du finn dei på regjeringa si nettside.

Så minnar vi og om: 

  • Har du symptom, ring koronatelefonen så du får testa deg: 481 65 519
  • Hald fram med å ta godt vare på kvarandre - ta ein ekstra telefon til dei som treng det, og nøl ikkje med å ta kontakt med hjelpeapparata om du treng nokon å prate med. 
  • Hald hendene dine reine, host i papirlommetørkle, hald deg heime om du er sjuk og unngå reiser som ikkje er naudsynte.  



Helsing kriseleiinga i Lom kommune