Opning av barnehagar og skular - ventar på rettleiar om smitteverntiltak

Tysdag vedtok regjeringa at barnehagen opnar att frå 20.april. Frå 27.april opnar skular for 1.-4.kl. og SFO. Barn i risikogruppe, eller som har foreldre eller søsken som er det, skal fortsatt ha heimeskule.

Styresmaktene har varsla ein rettleiar med tiltak for å redusere smittefaren. Fyrst når denne er klar, vil kommuneleiinga i samarbeid med barnehage og skule starte den praktiske tilrettelegginga for at det skal vere trygt for foreldre å sende barna til skule og barnehage.

Bilde frå inne i eit klasserom - Klikk for stort bildeBilde frå inne i eit klasserom Ola Ø Rossehaug