Opning av barnehagar

Tysdag 21.04.2020 opnar barnehagane i Lom att. Barnehagane sender fortløpande ut informasjon til foreldra. 
 

Skular og barnehagar vart stengde 12. mars. Dette var ikkje fordi barn vart sett på som risikogruppe, men for å bremse smittespreiing i samfunnet generelt. Vi har ikkje god dokumentasjon på at barn er viktige for smittespreiing av koronaviruset. 

Myndigheitene velger å opne barnehagane  att på bakgrunn av nøye vurderingar gjort av ekspertar, der ein har sett på konsekvensane av framleis stenging opp mot smittevern. Opning av barnehagar og skular er vurdert som viktig for barn og unge si utvikling, omsorg og læring. 

Ut frå kunnskapsgrunnlaget ein har nå, ser det ut til at risikoen for alvorleg Covid-19 er låg hjå barn generelt og hjå barn med kroniske sjukdommar og/eller redusert immunforsvar. 

Myndigheitene hadde ikkje tilråda opning dersom dette ikkje vart vurdert som trygt. Det er lagt ned eit stort arbeid for at tilstrekkelege smitteverntiltak skal vere på plass til opning av barnehagane i den situasjonen vi er i nå. Lom kommune følger vegleiaren som er utarbeida. 

Det er viktig å understreke at risikogruppene hjå vaksne ikkje er dei same for barn. Norsk barnelegeforeining har i samarbeid med FHI kome med råd om at dei aller fleste barn med kronisk sjukdom kan og bør i barnehage som vanleg. 

Klikk for stort bildeBarn kristine431 fra Pixabay