Oppdatert informasjon til foreldre/føresette i 1.-4.kl, SFO og barnehagane i Lom

For å hindre koronasmitte, vil skular, barnehagar og SFO framleis vere stengt. Stenginga gjeld til 13.april.  Regjeringa seier dei vil kome med ny informasjon 8. april.

Det vil framleis vere eit eit omsorgs- og tilsynstilbod til barn av foreldre  i kritiske samfunnsfunksjonar og til barn med særskilte omsorgsbehov.  Vi gjer merksam på at definisjonen av kva som er samfunnskritiske samfunnsfunksjonar er noko endra sidan sist. Lista ser nå slik ut:

  • Barnevern
  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-sikkerheit i sivil sektor
  • Gravferdsbransjen
  • Natur- og miljø
  • Forsyningssikkerheit
  • Vann og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satelittbaserte tenester
  • Apoteka
  • Reinhald

De kan lese meir om funksjonane her : https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/liste-over-kritiske-samfunnsfunksjoner-fastsatt/id2693800/

Det blir understreka at tilbodet til foreldre med samfunnskritiske samfunnsfunksjonar gjeld der mor/far er eineforsørgar og arbeider innan eitt av yrka, eller der begge foreldra har eitt av yrka. Vi ber om at foreldre/føresette fyrst prøver å finne andre moglegheiter, da målet med stenging er å hindre smitte, og at det derfor bør vere minimalt med barn samla. Det er likevel viktig å ta omsyn til at besteforeldre i risikogruppe ikkje skal brukast til barnepass. 

Den som likevel må ha eit tilbod i skule/barnehage, tek kontakt snarast med rektor/styrar på telefon:

Loar skule, Anita Hølmo  48157063

Loar barnehage, Ragnhild Vestad 40448551

Garmo barnehage, Magnhild Beate Galde 46921394

 

Kommunalsjef
Herdis Kvamme Repp
Lom 25.03.2020

Bilde frå inne i eit klasserom - Klikk for stort bildeBilde frå inne i eit klasserom Ola Ø Rossehaug