Pressemelding frå Lom kommune 04.12.2020 - smittetilfelle i Lom

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D 3.desember bekrefta kommuneoverlegen eitt smittetilfelle knytt til Miljøarbeidertenesta i Lom kommune. Den smitta er ivareteke og sett i isolasjon, og 14 personar er sett i karantene.

Alle nærkontaktar vil bli testa fredag, og det er forventa prøvesvar i løpet av helga. Smittekjelde er framleis uavklart.

Kriseleiinga har bestemt at Lom helseheim vil vere stengt for besøkande fram til og med måndag 7. desember. Det vil bli teke ny vurdering over helga. Pårørande er varsla gjennom eige melding frå Lom helseheim, og det er moglegheit til å halde kontakt med sine via digitale KOMP-skjermar.

Hald fram med å ha fokus på smittevern – vask hendene, host i papirlommetørkle, hald avstand og hald deg heime om du er sjuk. Unngå unødvendige innanlands- og utanlandsreiser.

Kommunen har god testkapasitet og kommuneoverlegen oppmodar alle som har symptom til å teste seg.

Det er kommuneoverlegen som avgjer kven som blir sett i karantene.

Beredskapstelefonen (tlf. 481 65 519) vil denne helga vere bemanna laurdag og søndag kl.10:00-14:00, elles på kvardagar 09:00-15:00.