Psykisk helse og korona

Korleis skal vi passe på den psykiske helsa vår i desse koronatider?

Koronaviruset  gjer at vi  alle har fått dagleglivet vårt endra.  Dette gjeld både små og store. Barnehage og skule er stengt, mange er permitterte eller arbeider isolert frå heimekontor. Alle fritidsaktivitetar og sosiale aktivitetar må ein også vente med nå.

Sjølv om vi ikkje har psykiske plager til vanleg, så tærer dette på. Når den vanlege kvardagen brått blir endra , så kan stress , sakn, uro og vanskelege tankar kome meir fram. Dette er normalt slik situasjonen rundt oss er, men det hjelper å snakke om det.

Dei viktigaste råda vi alle treng nå er;

  • Halde på rutinar er det viktigaste nå. Rutinane våre kan vi sjå på som krykker , vi treng dei for å halde oss oppe. Rutinar for søvn, måltid og aktivitet er det vi treng.
     
  • Nyheiter; kor mykje nyheiter treng du? 5 gongar om dagen? 3 gongar om dagen? Lag deg rutine på det. Hugs at dersom du har for mykje fokus på nyheiter så mistar du fokus på rutinane!
     
  • Vi må tenkje nytt rundt det sosiale nå. Det gjeld både små og store. Vi må bruke telefon og chat meir og  gjerne snakke om det same. Vi  treng å si ting som er sjølvsagte,  hugs at det er mykje god helse i å repetere for kvarandre.  Og støtte kvarandre opp så godt ein kan.
     
  • Kjenner du nokon som er ekstra uroleg /engsteleg av seg, så kan du hjelpe til ved å ta ein ekstra telefon og vere ekstra  tålmodig og lyttande . 

Vi i Psykisk helseteneste i  Lom og Skjåk er berre ein telefon unna. Dersom du ringer så vil vi snakke med deg om det vi har skreve her. Og lytte til det du har på hjarta, og kanskje rådgjeva deg litt dersom du ynskjer det.

VI er tilgjengelege mellom kl 8-15.30  måndag til fredag. Det er ikkje sikkert du får tak i oss med ein gong på telefonen. Men vi ringer deg opp att same dag.

Håvard Åmot Svestad  tlf 48 14 90 62

Aud Kroken                   tlf 48 02 72 61

 

Klikk for stort bilde