Røde Kors har utarbeida Koronavettreglane. Dei gjev oss påminningar og retningsliner, på line med fjellvettreglane:

 

20.03.2020 kom Fylkesmannen i Innlandet med oppdaterte køyrereglar

Desse køyrereglane om er noko strengare enn FHI sine tilrådingar.

Vi må forhalde oss til at det er litt ulik informasjon frå dei ulike statlege aktørane, og det er like utfordrande for oss som for dykk. Det er uansett betre at det blir stramma inn enn at det blir slept opp! Saman får vi til dette, men da må vi ALLE hjelpe kvarandre med å halde motet og trykket oppe og ikkje sleppe opp! 

Er du i risikogruppe (over 65 år eller har underliggande sjukdom)? Få nokon andre til å handle for deg.

Vask hendene dine ofte og nøye, ver ikkje i lag med andre enn dei i di eiga hushaldning, og ta vare på kvarandre!  

Og du - hjelp oss gjerne med å ta den ekstra telefonen til dei som kanskje ikkje er på internett og ser denne oppdateringa. 

Kjære bygdefolk, 
Takk for alt de gjer for å unngå smittespreiing - takk for at de held dykk mest mogleg heime, unngår å besøke kvarandre, vaskar dykk på hendene og held ein meter avstand på butikken! Utan denne innsatsen frå dykk, klarar vi ikkje å bli kvitt viruset som heng over oss nå. 

Vi har oppdatert våre felles reglar, og håpar at alle held fram med å hjelpe kvarandre med å halde motet og trykket oppe! Desto flinkare vi alle er, desto fortare kan vi kome attende til ein normal kvardag:

For å oppnå god smittekontroll og unngå spreiing er det viktig at alle innbyggarar følger råd og retningsliner frå myndigheitene. 

Det er helsevesenet som bestemmer kven som skal testast. Det er ikkje mogleg for andre å bestille koronatest jamfør nasjonale retningsliner. Meir informasjon om dette finn du her (FHI). 

Les gjerne våre felles reglar og.