Risikonivå i Lom kommune

Regjeringa har vedteke å innføre eit system for å risikovurdere smittesituasjonen med fem risikonivå, og tilhøyrande tiltakspakker som bør vurderast på dei ulike nivåa.

Kommunen skal følge den lokale situasjonen og gjere ei lokal risikovurdering, basert på indikatorar om smittesituasjonen og kapasitet i kommunen. Risikovurderinga plasserer kommunen i eitt av fem risikonivå.

Risikonivå ligg til grunn for lokale tiltak, og skal sjåast i samanheng med nærliggande kommunars vurderingar. 
Framover vil vi oppdatere på risikonivå under Status i Lom kommune. Oppdatering skjer ved eventuell endring av risikonivå. 

Dei ulike risikonivåa er som fylgjer: 

Risikonivå
Risikonivå Beskriving
Nivå 1 (kontroll) Ingen eller få stadfesta smitta, men moglegheit for oppblussing.
Nivå 2 (kontroll med klynger) Lokale og regionale utbrot som blir kontrollert. Insidensen er gjerne noko varierande som følge av utbrot. Tilfella kan vere avgrensa til visse grupper, og berre ein liten andel (under 10 %) har ukjent smittesituasjon. Testing og smittesporing blir håndtert greitt.
Nivå 3 (aukande spreiing) Aukande insidens utanom avgrensa utbrot og fare for rask akselerasjon i insidens. Tilfella er dels sporadiske og dels klynger i ulike miljø. Rundt 10–20% har ukjent smittesituasjon. Kapasitet for smittesporing og testing er under press.
Nivå 4 (utbreitt spreiing) Høg og raskt aukande insidens utanom avgrensa utbrot. Press på sjukehusa sin kapasitet. Aukande insidens eller fleire utbrot i sårbare grupper. Rundt 20–30% har ukjent smittesituasjon. Aukande insidens av innleggingar og dødsfall. Kapasitet for smittesporing og testing er overbelasta.
Nivå 5 (ukontrollert spreiing) Ukontrollert spreiing i samfunnet og fare for å overskride sjukehusa sin kapasitet. Akselererande insidens utanom kjente utbrot. Meir enn 30% har ukjent smittesituasjon. Smittesporing er ikkje gjennomførbart for mange tilfelle pga. kapasitetsmangel.

Kva betyr insidens? Sjå definisjon (Store medisinske leksikon).