Skule og barnehage nedjustert frå raudt til gult nivå

Frå og med i dag, 2. juni, gjeld nye vegleiarar for skular og barnehagar. 

Eit nytt system med raudt, gult og grønt ljos skal avgjere kva for smitteverntiltak som gjeld. Frå i dag, 2. juni, kan alle skular og barnehagar nedjustere frå raudt til gult nivå.

For alle dei tre fargenivåa er hovudtiltaka at sjuke skal vere heime, god hygiene og kontaktreduserande tiltak som å unngå håndhelsing og klemming.

Dersom smitta i samfunnet endrar seg, må vi vere førebudd på at tiltaksnivået kan endre til raudt eller grønt. Det er helsemyndigheitene som avgjer om trafikkljoset skal endre, ikkje skulane eller barnehagane sjølv.

Lom kommune viser til Fylkesmannen i Innlandet for meir informasjon.

Bilde frå inne i eit klasserom - Klikk for stort bildeBilde frå inne i eit klasserom Ola Ø Rossehaug