Smittetilfelle i Lom - oppdatert 14.04.2021, kl 20:00

Klikk for stort bildeLom kommune har fått stadfesta eit smittetilfelle ved hurtigtest i dag. Vedkommande sat allereie i karantene og det er kjent smitteveg. 

Status kl 20:00 - ein smitta, 13 i karantene og ca 60 i ventekarantene

Det er 1 stadfesta smitta i Lom. Personen sat allereie i smittekarantene og det er kjent smitteveg.
Som følge av smittesituasjonen i regionen har vi totalt 13 i smittekarantene og ca 60 i ventekarantene.

Av dei som sit i ventekarantene er det mellom anna ei skuleklasse ved Lom ungdomsskule og ei avdeling ved Loar barnehage. Slik situasjonen er, så er det sett inn forsterka tiltak for å stoppe smittespreiinga. Ventekarantene er eitt hakk lenger ut enn smittekarantene. Det betyr at dei som sit i ventekarantene ikkje er nærkontaktar til ein smitta person, men nærkontakt av ein nærkontakt.

Sit ein i ventekarantene blir denne oppheva dersom nærkontakt testar negativt på koronaviruset. Det betyr at skule/barnehage for dei andre elevane/ungane vil gå som normalt.

Foreldre/føresette er informert direkte.

Dersom du lurar på noko kring isolasjon, karantene og ventekarantene kan du lese meir om dette på helsenorge.no.

Tiltaka som nå er sett i verk har vi samordna med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdal i tillegg til Nord-Fron, samt Statsforvaltaren og fylkeslege. Det er eit godt samarbeid og du kan vere trygg på at vi gjer det vi kan for å stoppe vidare spreiing av viruset.

Det du er sterkt oppmoda til å gjere nå, er som følgjer:

  1. Hald to meter avstand, og bruk munnbind dersom du ikkje kan halde to meter avstand. På butikkane er du oppmoda til å bruke munnbind sjølv om du kan halde avstand.
     
  2. Ha færrast mogleg nærkontaktar.
    Ungdomar i Nord-Gudbrandsdalen er oppmoda til å ikkje møtast på tvers av kommunegrenser, og unngå å møtast på fritida.
     
  3. Ver ekstra varsam på symptom. Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

    Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.  
     
  4. Kafear/restaurantar og andre publikumsstadar er oppmoda til å ha eit ekstra fokus på at smitteverntiltak blir overhalde (registrering av besøkande, avstand, munnbind og handhygiene).

Kriseleiinga kjem attende med meir informasjon fortløpande.

Vaksinasjon
Så kan vi til slutt nemne at 88 innbyggjarar har fått 1. dose av koronavaksine i dag. Totalt er det 471 innbyggjarar som har fått 1. dose med koronavaksine i Lom kommune, og 181 som har fått 2.dose. Les meir om kor langt vaksinasjonen er komen.

 

Status kl 16:00

Kommunen viser til status gjeve tidlegare i dag (sjå under). I efta skal kommunane i
Nord-Gudbrandsdal i møte med Statsforvaltaren for å vurdere situasjonen og samordne tiltak.

Vi kjem attende med meir informasjon om smittesituasjonen i Lom og tiltak i etterkant av dette.

 

Status kl 12:00

Lom kommune har fått stadfesta eit smittetilfelle ved hurtigtest i dag.
Smittesporingsarbeid pågår og kommunen vil kome med meir informasjon fortløpande.

Dersom du blir oppringt av eit ukjent nummer er det viktig at du tek telefonen. Dette kan vere smittesporingsteamet.
Dersom du har forkjølingssymptom hald deg heime og ring koronatelefonen for å få testa deg: 481 65 519.