Status 09.12.2020 - kommunen opplever så langt å ha kontroll!

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D Kommunen har fått stadfesta eitt nytt smittetilfelle i dag. Smitta er knytt til Miljøarbeidartenesta, og medførte ingen fleire nærkontaktar.

I Lom er det nå 6 stadfesta smitta og 46 i karantene (derav ei skuleklasse).

I går vart lærarar og elevar i ei klasse ved Loar skule sett i karantene. Dette vart gjort i samråd med FHI for å vere føre var. Dette på bakgrunn av at ein person utsatt for smitte hadde utvikla symptom.

I dag har det vore gjennomført fleire hurtigtestar, og det er ingenting som tydar på at det er smitte ved Loar skule. Det er i tillegg sendt testar til laboratoriet på Lillehammer. Inntil kommunen har fått svar på desse, har kriseleiinga i samråd med FHI valt å oppretthalde karantenen. Det vil seie at dersom prøvesvara er negative, vil karantenen ved skulen bli oppheva.  

Kriseleiinga presiserer at all stadfesta smitte er knytt til same klynge i Miljøarbeidartenesta. Brukarar ved Miljøarbeidartenesta og dagsenter for demente blir ivareteke, og har kjente folk rundt seg.

Kommunen opplever så langt å ha kontroll.

Så vil vi minne om at det viktigaste du kan gjere nå, er å følgje kommuneoverlegen sine oppmodingar:

  1. Har du symptom? Test deg!
    For å bidra til å avgrense koronasmitte er det særs viktig at alle med feber eller luftvegssymptom testar seg så raskt som mogleg.
     
  2. Avgrens antal nærkontaktar
    Tenk over kven du gjer til nærkontaktar, både på arbeid og fritid. Færre nærkontaktar = færre smittevegar.
     
  3. Hald minimum ein meter avstand
    Å halde minimum ein meter avstand til andre er eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere smitterisiko. Ein meter avstand reduserer risikoen for å bli smitta med 80 %.
     
  4. Følg nasjonale smittevernråd
    Vask hendene, hald deg heime når du er sjuk og test deg. Host i papirlommetørkle, hald avstand og unngå innanlands- og utanlandsreiser som ikkje er naudsynte. Ta vare på kvarandre.

Lom kommune vil halde dykk oppdatert via www.lom.kommune.no.

Har du spørsmål om koronaviruset er du oppmoda til å sjå på nettsidene til Folkehelseinstituttet og helsenorge.no. Finn du ikkje svar på det du lurar på, ring koronatelefonen: 481 65 519 eller ta kontakt med servicetorget i Lom kommune: 61 21 73 00.