Status 11.12.2020 - ingen nye smittetilfelle!

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D Alle koronatestar knytt til Loar skule er negative. Det betyr at karantenen ved Loar skule er oppheva frå og med i dag kl 15:30, og at skulen går som normalt frå måndag 14. desember.

I Lom kommune er det nå 6 stadfesta smitta og 13 i karantene. Alle desse er knytt til same klynge i Miljøarbeidartenesta, og kommunen har kontroll på utbrotet.  

Det er mange som har lagt ned, og som legg ned, ein stor innsats nå. Kommunen er stolt over å ha så mange dyktige tilsette som trår til når ein treng det som mest.

Det er framleis viktig at vil alle held fram med å følgje oppmodingane frå kommuneoverlegen:  

  1. Har du symptom? Ring koronatelefonen (481 65 519) for å få testa deg!
    For å bidra til å avgrense koronasmitte er det særs viktig at alle med feber eller luftvegssymptom testar seg så raskt som mogleg.
     
  2. Avgrens antal nærkontaktar
    Tenk over kven du gjer til nærkontaktar, både på arbeid og fritid. Færre nærkontaktar = færre smittevegar.
     
  3. Hald minimum ein meter avstand
    Å halde minimum ein meter avstand til andre er eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere smitterisiko. Ein meter avstand reduserer risikoen for å bli smitta med 80%.
     
  4. Følg nasjonale smittevernråd
    Vask hendene, hald deg heime når du er sjuk og test deg. Host i papirlommetørkle, hald avstand og unngå innanlands- og utanlandsreiser som ikkje er naudsynte. Ta vare på kvarandre.

I tillegg ynskjer vi å minne om råda knytt til årets julefering.
Lom kommune vil halde dykk oppdatert på status via www.lom.kommune.no.

Har du spørsmål om koronaviruset er du oppmoda til å sjå på nettsidene til Folkehelseinstituttet og helsenorge.no. Finn du ikkje svar på det du lurar på, ring koronatelefonen: 481 65 519 (kvardagar 09:00-15:00) eller ta kontakt med servicetorget i Lom kommune: 61 21 73 00 (kvardagar 10:00-14:00).