Status frå kriseleiinga i Lom kommune 09.04.2021

Klikk for stort bilde I samband med smitteutbrot i regionen har kriseleiinga i ettermiddag hatt møte.
Som følgje av utbrotet på Dovre er 4 sett i karantene og husstandsmedlemmar sett i ventekarantene.

Dei fire som er sett i karantene vart testa i dag.

Dersom du har symptom ber vi om at du tek kontakt for å få testa deg så fort som råd.

Det blir opna for å kunne teste seg også i helga. Kommunen samarbeider med Skjåk og du kan ringe for å få testa deg på følgande tidspunkt:

Telefontid 09:00-10:00, testing 10:00-11:00. 
Laurdag 10. april, Skjåk: 909 89 436
Sundag 11. april, Lom: 481 65 519

Vask hender, host i papirlommetørkle, hald to meter avstand og bruk munnbind om du ikkje kan halde to meter avstand. Hald deg heime om du er sjuk og unngå reiser som ikkje er naudsynte.