Status i Lom, 25.01.2022

Pixabay_Piro4D  Det er per 25. januar 4 smitta i Lom kommune, og 84 nærkontaktar. I heile landet er det nå ei rask auke i talet på personar som er smitta med Covid-19. Vi må forvente at det også her i Lom vil bli fleire smitta i dagane og vekene som kjem.

Smittesituasjon

Smitta: 4
Nærkontaktar: 84 (derav to skuleklassar ved Loar skule)

I heile landet er det nå ei rask auke i talet på personar som er smitta med Covid-19. Vi må forvente at det også her i Lom vil bli fleire smitta i dagane og vekene som kjem.

Omikron-varianten, som nå er dominerande, gjev mildare sjukdom enn tidlegare variantar - særleg hjå vaksinerte. Det er likevel viktig at vi gjer det vi kan for å unngå at mange blir smitta samstundes.

Dersom mange blir smitta samstundes, kan dette overbelaste helsetenestene. I tillegg kan høgt sjukefråvær gjere det vanskeleg å drifte kritiske samfunnsfunksjonar.

Gjer derfor det du kan for å bremse smittespreiinga. Dei viktigaste tiltaka du kan gjere er:

Endringar i karantenereglar frå og med 26.01.2022

Frå og med 26. januar kan testing erstatte smittekarantene. Det betyr at du skal teste deg i staden for å vere i karantene. Smittesporing blir lagt til den enkelte.

Ved positiv test skal du framleis isolere deg.

Nyoppståtte symptom: Her kan du lese kva du skal gjere ved nyoppståtte symptom.
Positiv test: Her kan du lese kva du skal gjere ved positiv test.
Nærkontakt: Her kan du lese meir om nærkontakt.

Henting av sjølvtest

Sjølvtestar som skal nyttast til å erstatte smittekarantene kan hentast på Lom helsesenter.
Kvardagar: 08:00-11:30, 12:00-15:30
Helg: Kommunen kjem attende med informasjon. 

Får du positivt svar på sjølvtest skal du registrere dette sjølv. Dette kan du lese meir om her.