Status i Lom, 28.01.2022

Pixabay_Piro4D Det er totalt 8 smitta i Lom nå. Smitten er knytt til skule og barnehage.  

På bakgrunn av dei nye endringane, der ein sjølv skal registrere positiv test og eventuelle nærkontaktar, så vil ikkje kommunen ha oversikt på kor mange nærkontaktar det er til kvar tid framover. Talet på nærkontaktar kjem derfor ikkje til å bli oppgjeve slik som før.  

I heile landet er det nå ei rask auke i talet på personar som er smitta med covid-19. Vi må forvente at det også her i Lom vil bli fleire smitta i dagane og vekene som kjem.

Gå inn på heimesida til Lom kommune og les om kva som gjeld for nærkontaktar, og kva ein gjer ved symptom eller positiv test.

Henting av sjølvtest

Du kan hente sjølvtestar på følgande stadar:
Kvardagar: I gangen på Lom helsesenter, 08:00-15:30
Helg: I gangen til Lom helseheim, 09:00-15:00  

Får du positivt svar på sjølvtest skal du registrere dette sjølv. Dette kan du lese meir om her.

Smittesporing

Smittesporing er nå i si heilheit lagt over på den enkelte, via sjølvregistrering.

Når ein registrerar positiv sjølvtest, får du og beskjed om å oppgje nærkontaktar.
Hugs også å oppdatere Smittesporings-appen på telefonen din dersom du testar positivt.

Har du behov for hjelp med å registrere sjølvtesten din, kan du ringe koronatelefonen (481 65 519), kvardagar 09:00-15:00.

Kommunen følgjer dagleg med på det som blir registrert gjennom sjølvregistreringa.