Oppdaterte råd om sjølvtest
Det har i dag, 31.01.2022, kome tilråding om at vaksne skal ta sjølvtest fyrst i svelget og deretter i nasen. For barn er det framleis tilråda å berre ta test frå nasen.
Ei naseprøve vil framleis fange opp dei fleste smittetilfella. Dersom det er ubehageleg/vanskeleg å ta test frå svelget (hals), kan du teste deg på vanleg måte i nasen. Du bør ikkje ta testen berre frå svelget.
Prøvetaking frå svelget bør gjerast om morgonen før inntak av mat og drikke, eventuelt minst 30 minutt etter inntak av mat og drikke. Dette for å unngå at testen blir falskt positiv. Noko mat- og drikkevarer er vist å kunne påverke testresultat.
Les meir om dette på FHI.no