Status i Lom 4. februar 2022

Pixabay_Piro4D Status i Lom i dag, kl. 11:00, er 20 smittetilfelle.

Bjørn Guldvog sin pressebrief

Torsdag 3. februar hadde helsedirektør Bjørn Guldvog pressebrief.
Her vart det mellom anna nemnt følgjande:

  • Vi er nå i ein situasjon der vi må vere førebudd på auka smitte og auka sjukefråvær. Vi ser at dette kan bli særleg krevjande på sjukeheimar og institusjonar.
  • FHI sine modellar viser at sjølv om vi framleis må rekne med auka smitte dei næraste vekene, så er det mykje som tyder på at vi vil vere betre stilt i løpet av våren.

Meir frå Bjørn Guldvog sin pressebrief kan du lese her.

Koronasertifikat

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet viss du har negativ koronatest.

Lom kommune har oppdatert informasjon om koronasertifikatet på nettsida. Informasjon om koronasertifikat kan du lese her.

Smitteverntiltak

Denne veka vart fleire smitteverntiltak oppheva. Dei gjeldande tiltaka kan du lese meir om her.