Status og ei viktig oppmoding frå kommuneoverlegen i Lom

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D Status i Lom kl 18:00 er uendra frå tidlegare i dag. Det er 4 stadfesta smitta og 24 i karantene.

Kommunen har dialog med Folkehelseinstituttet (FHI), og har sett i gang dei tiltaka som er tilrådde. Smittesporingsteamet arbeidar kontinuerleg for å avgrense smitta, og helsepersonell fylgjer opp dei som er smitta og i karantene.

Smittekjelda på det fyrste smittetilfellet er framleis ukjent.

Tenesteområda sørgjer for å sikre at brukarar blir ivareteke, og omdisponerer personell der det er naudsynt. Tilsette blir ikkje nytta på tvers av områda så langt det let seg gjere. Brukarar ved Miljøhelsetenesta har kjente folk rundt seg, og dei tilsette ved tenesta jobbar i små kohortar. Tilsette ved dagsenteret for demente nyttar tida si på aktivitetar saman med brukarar av tenesta.  

For å bidra til å avgrense smitta så har kommuneoverlegen fire oppmodingar til deg:

  1. Har du symptom? Test deg!
    For å bidra til å avgrense koronasmitte er det særs viktig at alle med feber eller luftvegssymptom testar seg så raskt som mogleg. (Du kan lese meir om ulike symptom på helsenorge.no.)
     
  2. Avgrens antal nærkontaktar
    Tenk over kven du gjer til nærkontaktar, både på arbeid og fritid. Færre nærkontaktar = færre smittevegar.
     
  3. Hald minimum ein meter avstand
    Å halde minimum ein meter avstand til andre er eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere smitterisiko. Ein meter avstand reduserer risikoen for å bli smitta med 80 %.
     
  4. Sørg for å halde deg oppdatert
    Hald deg oppdatert på nasjonale reglar og anbefalingar.

Det er naturleg at mange blir uroa i ein slik situasjon som vi er i. Lom kommune vil halde dykk oppdatert via www.lom.kommune.no.

Har du spørsmål?
Har du spørsmål om koronaviruset er du oppmoda til å sjå på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge.no. Finn du ikkje svar på det du lurar på, ring koronatelefonen: 481 65 519 eller servicetorget i Lom kommune: 61 21 73 00.
 

Vask hendene, hald deg heime når du er sjuk og test deg. Host i papirlommetørkle, hald avstand og unngå innanlands- og utanlandsreiser som ikkje er naudsynte.

Ta vare på kvarandre alle saman!