Statusoppdatering 08.12.2020

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D Kommunen har fått stadfesta 2 nye smittetilfelle i samband med smitteutbrotet i Lom. Det eine tilfellet har tilhald utanfor kommunen, og blir ivareteke av bustadskommunen.

Oppdatering kl 20:30: 
Det er nå 47 personar i karantene i Lom. Viser elles til informasjon frå kl 17:55. 

Status kl 17:55
I Lom er det nå 5 stadfesta smitta og 21 i karantene (5 i karantene utanfor kommunen).

Ein person i karantene er knytt til Loar skule, og har utvikla symptom. Som følge av dette har kriseleiinga i samråd med smittevernlege bestemt at lærarar og elevar i ei klasse ved Loar skule blir sett i karantene. Smittesporingsteamet jobbar nå med å kontakte dei det gjeld.

Smittesporingsteamet er i tett dialog med smittevernlege, Folkehelseinstituttet og Fylkeslegen. Innbyggjarar kan vere trygge på arbeidet som blir gjort er i samråd med nasjonale retningsliner. Dersom du ikkje blir kontakta av smittesporingsteamet, er det fordi opplysningar tilseier at du ikkje er nærkontakt. Da skal du ikkje i karantene, men halde fram med å fylgje nasjonale smittevernråd.

Det er viktig å hugse på at karantene er eit førebyggande tiltak for å avgrense smitte, og betyr ikkje nødvendigvis at personen er smitta.

Det viktigaste du kan gjere nå, er å følgje kommuneoverlegen sine oppmodingar:

  1. Har du symptom? Test deg!
    For å bidra til å avgrense koronasmitte er det særs viktig at alle med feber eller luftvegssymptom testar seg så raskt som mogleg.
     
  2. Avgrens antal nærkontaktar
    Tenk over kven du gjer til nærkontaktar, både på arbeid og fritid. Færre nærkontaktar = færre smittevegar.
     
  3. Hald minimum ein meter avstand
    Å halde minimum ein meter avstand til andre er eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere smitterisiko. Ein meter avstand reduserer risikoen for å bli smitta med 80%.
     
  4. Følg nasjonale smittevernråd
    Vask hendene, hald deg heime når du er sjuk og test deg. Host i papirlommetørkle, hald avstand og unngå innanlands- og utanlandsreiser som ikkje er naudsynte. Ta vare på kvarandre.

Lom kommune vil halde dykk oppdatert via www.lom.kommune.no.

Har du spørsmål om koronaviruset er du oppmoda til å sjå på nettsidene til Folkehelseinstituttet og helsenorge.no. Finn du ikkje svar på det du lurar på, ring koronatelefonen: 481 65 519 eller ta kontakt med servicetorget i Lom kommune: 61 21 73 00.