Sterk oppmoding til ungdom og føresette

Klikk for stort bildeUtbrotet i Nord-Gudbrandsdalen skuldast den britiske virusmutasjonen. Dette er som kjent ein meir smittsam variant, og ein risikerer å bli smitta også ved kortvarig kontakt.

Vi ser at smitten har spreia seg blant ungdom som har vore saman på fritida. Ungdommane i Nord-Gudbrandsdalen har mykje kontakt over kommunegrensene.

Dette betyr at ungdom nå må stramme noko inn, i staden for å sleppe opp, slik som det er signalisert nasjonalt. Dette gjeld førebels fram til 20. april.  

  • Sel kommune er nå på risikonivå 4. Dette har konsekvensar for Nord-Gudbrandsdal VGS avdeling Otta, som nå skal drive på raudt nivå.

    Elevane ved skulen kjem frå alle kommunar i Nord-Gudbrandsdalen. Elevane vil få tilbod om digital undervising dei næraste dagane.
     

For å få kontroll på viruset er det viktig at perioden med digital undervising ikkje blir brukt til å møtast i skuletida og at ein heller ikkje møter kvarandre på fritida, slik at vi får kontroll på situasjonen.
 

  • Kommunen ber alle som er pålagt karantene om å overhalde karantenereglane
     
  • Kommunen ber foreldre/føresette om å følgje med på kva ungdommen gjer og hjelpe dei med å ta gode val.
     
  • Som følgje av at ungdom ikkje bør møtast så blir ungdomskveld i Utgard avlyst denne veka. Kommunen oppmodar og at andre aktivitetar for ungdom blir avlyst fram til 20. april.

    Aktivitetar for barn i barneskulealder kan gjennomførast etter gjeldande reglar og tilrådingar.

Merk at dette førebels berre er ei pause på ei veke for å få kontroll på viruset.

Elles er det viktig at vi alle held fram med å halde to meter avstand og bruke munnbind der ein ikkje kan halde to meter avstand. På butikken er du oppmoda til å bruke munnbind sjølv om du kan halde to meter avstand.

Ver ekstra varsam på symptom. Har ein forkjølingssymptom er det særs viktig at ein held seg heime og testar seg så fort som råd. Dette gjeld både små og store.

Koronatelefonen (481 65 519) er ope på kvardagar 09:00-15:00.

 

Lom kommune kjem attende med oppdaterte lokale reglar og tilrådingar i morgon torsdag 15. april.

 

Kriseleiinga, 14.04.2021