Til besøkande i Lom

Til deg som er i Lom, eller som har tenkt deg til Lom,

VELKOMEN! Vi ser fram til å sjå deg, og vi gler oss på litt meir liv og røre. Vi håpar du vil få eit fint opphald, og at du vil føle deg trygg medan du er her. 

Serveringsstadar, butikkar, overnattingsstadar og aktivitetsbedrifter er førebudd, men skal vi klare å halde naturen rein, og koronaviruset isolert, er vi avhengig av di hjelp

Vidare følgjer nokre oppmodingar til deg som er i Lom eller har tenkt å ta turen hit.

  1. Hald hovudet kaldt og hjarta varmt, ver den rolege og tålmodige vaksne som barn (og urolege vaksne) kan vere trygg hjå.  
     
  2. Blir du sjuk, hald deg heime. Ved feber eller luftvegssymptom, ring legekontoret for vurdering og testing.
     
  3. Ha god hand- og hostehygiene. Vask hendene dine grundig og ofte, nytt deg av handsprit der det står utplassert, og host i papirlommetørkle som du kastar etterpå
     
  4. Ta omsyn til kvarandre og hald minimum ein meter avstand. Har du moglegheit, hald 2 meter avstand, spesielt innandørs (FHI.no). 
     
  5. Skal du på tur eller telte? Hugs å ta med deg ALL søppel og kast i containarar/søppeldunkar. Ha sporlaus ferdsel.  
     
  6. Må du legge ein kabel/tøme ryggen/gjere frå deg i fjellet, sørg for å ha med deg noko du kan frakte det ned att i - eller grav det ned
     
  7. Står du i kø, fyll opp tålmodstanken, vis omsyn og sørg for god avstand til andre.  
     
  8. Book overnatting på førehand. Det er begrensa kapasitet i år, særskilt i fjellheimen. 
     
  9. Nyt fjellheimen, et god mat, gjer spennande aktivitetar og sov godt. Tips til kva du kan gjere i Lom finn du under Lom nasjonalparklandsby og på nettsida til Visit Jotunheimen


Punkta vil bli oppdatert ved behov.

Tusen takk for hjelpa - og hjarteleg velkomen til Lom!


Beste helsing
Lom kommune

Klikk for stort bildeOda Alma på Læshøe Live Andrea Sulheim