Tilrådingar for å sikre barn og unge rett helsehjelp under pandemien

Klikk for stort bilde5. oktober sendte Fylkesmannen i Innlandet ut nye tilrådingar for å sikre barn og unge rett helsehjelp under koronapandemien.

Barn og unge med covid-19 får ofte symptom som liknar på andre virusinfeksjonar. For å sikre at dei får rett hjelp til rett tid, er det utarbeidd eigne tilrådingar (helsedirektoratet.no) til korleis helse- og omsorgstenesta i kommunane bør ivareta barn. 

Er du som forelder usikker på korleis du skal vurdere om barn med luftvegssymptom treng å vere heime? Folkehelseinstituttet har laga eit flytskjema for å hjelpe med denne vurderinga. Sjå flytskjemaet her

Ved bekymring for barnet ditt er det viktig å kontakte lege! 

Når skal barn med luftvegssymptom vere heime frå barnehage/skule? 

Dersom barnet ditt har fått nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (som feber, hoste, sår hals, tett nase) siste døgn, bør barnet haldast heime. Sjå flytskjema. 
 

Sjuke barn bør vurderast av helsepersonell

Ved kun lette luftvegssymptom utan feber kan ein sjå an tilstanden heime i inntil 48 timar. Ved rask betring, kan barnet gå attende til barnehage/skule utan å testast. Om barnet ditt ikkje er betre etter 48 timar, tilrådast det at du tek kontakt med fastlege eller legevakt for vurdering om barnet treng legetilsyn og/eller om barnet treng å bli testa for covid-19. Det er tilråda at alle barn til og med barneskulealder bør vurderast av helsepersonell før ein eventuell covid-19-test. 
 

Når skal barn i barneskulealder og yngre kome attende i barnehage/skule? 

Allmenntilstanden avgjer når barn kan kome attende i barnehage/skule etter ein luftvegsinfeksjon. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase eller noko hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon sjå mindre barn. 

Informasjonen er henta frå fylkesmannen.no

 

Telefonnummer legekontoret/legevakt

Legekontoret: 61 21 72 00
Legevakt: 116 117
Beredskapstelefon i samband med covid-19: 481 65 519