Informasjon om endring av karantenereglar for barn og unge

Klikk for stort bilde Pixabay_Piro4D  Frå 16.08.21 kan testing av barn og unge under 18 år gje unntak frå smittekarantene.

Bakgrunnen for endringa er at barn og unge skal få mest mogleg normal barnehage- og skulekvardag. Dei fleste tilsette i skulen og barnehagen har fått vaksine. Dei har difor mindre risiko for å bli smitta, spreie smitte og bli alvorleg sjuke. Erfaringar har vist at smitte av koronavirus i liten grad er knytt til skule og barnehage. Testing i staden for karantene hos barn under 18 år har vist seg å vere minst like effektivt og mindre inngripande.

Kva skjer dersom det oppstår smitte av konornavirus i skulen eller barnehagen?

  • Den som er smitta må i isolasjon.
  • Smittesporingsteamet definerer kven som er nærkontakt til den smitta.
  • Husstandsmedlemar og andre tilsvarande nærkontaktar (t.d. kjærast), får smittekarantene som tidlegare.
  • Andre nærkontaktar under 18 år blir testa så raskt som mogleg med hurtigtest. Dei må vere i karantene fram til svar på testen.
  • Ved negativt svar på fyrste test, har dei ikkje lenger karantene så lenge dei ikkje har symptom.
  • Barn i barnehage og barneskule skal teste seg to gongar (dag 1 og 3-5)
  • Ungdomsskule-/ og vidaregåandeelevar skal teste seg tre gongar (dag 1, 3 og 5)
  • Ein treng ikkje å vere i karantene i påvente av svar på andre og tredje test dersom ein ikkje har symptom.
  • Testinga blir utført ved teststasjonen, men kan også organiserast i skulen/barnehagen dersom det er hensiktsmessig.
  • Det vil bli nytta hurtigtest slik at ein får raskt svar, og prøva blir tatt frå fremre del av nasen.
  • Ein må ha samtykke frå føresette for testing av barn under 16 år.
  • Tilsette i skule eller barnehage kan halde fram med å jobbe dersom dei er vaksinert.

Vil du lese meir om temaet? Les meir på helsedirektoratet sine nettsider