Informasjon om koronavaksinasjon i Lom - oppdatert 09.03.2021

Klikk for stort bilde www.fhi.no Vaksinasjonen er i full gang i Lom, og mange lurar på når det er sin tur. Dessverre klarar vi ikkje å svare heilt konkret på dette. Vi veit ikkje kor mange vaksinar som kjem kvar veke, og det er ikkje alltid vi veit kva tid dei kjem.

I snitt har Lom kommune fått 30 vaksinar i veka, nokre veker får vi færre og andre veker får vi fleire. Dette betyr at tilbod om vaksine kan kome på stutt varsel – kanskje berre ein til to dagar på førehand.  

Fram til nå er det følgande personar som har fått tilbod vaksine:

  • bebuarar på Lom helseheim
  • personar over 80 år + dei som er prioritert opp av fastlege på grunn av underliggande sjukdom
  • prioritert helsepersonell

Neste på lista er dei som fyller 80 år dette året.

To vaksinar - Pfizer og Astra Zeneca

Lom kommune har fram til nå berre hatt Pfizer-vaksinen tilgjengeleg. Nå har vi og motteke ei leveranse med Astra Zeneca-vaksinen.

Sidan vi per dags dato ikkje kan nytte Astra Zeneca på dei som er eldre enn 65 år, så vaksinerer vi nå ut frå to lister:

  • Liste 1: Pfizer – blir nytta til dei over 65 år, samt dei som er prioritert høgst opp på grunn av underliggande sjukdom.
  • Liste 2: Astra Zeneca – blir nytta til dei under 65 år og innbyggjarar med underliggande sjukdom.

Fyrste vaksinasjonsdag med Astra Zeneca blir torsdag 11. mars. Alle som skal vaksinerast får ein telefon og ein SMS. Hugs at du sjølv ikkje skal ringe legekontoret eller koronatelefonen for å få vaksine. Du blir oppringt og får ein SMS når det er DIN tur.

Dersom det skulle vise seg at vi får nytte Astra Zeneca på personar over 65 år, så vil sjølvsagt dei som er høgst på lista få fyrst, altså dei som står under liste 1 ovafor.

Prioriteringslistene var klare 1. januar 2021, og desse listene blir fylgt så nøye som det let seg gjere.

Vaksinering av prioritert helsepersonell

Som anbefalt av FHI blir prioritert helsepersonell vaksinert. Fleire av desse bur i andre kommunar og kjem ikkje fram på statistikken som vi publiserer på nettsida til kommunen.  Det er altså berre dei med folkeregistrert adresse i Lom kommune som står oppført under Status i Lom på nettsida.

Vart det mykje informasjon? Berre hugs:

  • Du får ein telefon, samt ein SMS, når det er DIN tur. Du skal ikkje ringe for å få vaksine.
  • Tilbod om vaksinering kan kome på stutt varsel – kanskje berre ein til to dagar i førevegen. Har du ikkje høve til å møte på tida du blir tilbode, får du tilbod om ny tid seinare.
  • Prioriteringslistene blir fylgt så nøye som det let seg gjere, og du kan vere trygg på at du blir kontakta når det er din tur.

Meir informasjon om vaksinasjon

Lom kommune si nettside kan du lese meir om mellom anna prioritering av kven som skal få vaksine fyrst, kva som er definert som underliggande sjukdom og du kan lese status på antal vaksinerte (blir oppdatert ca ein gong i veka).

Til informasjon vil det og bli informert om dette i neste Kyrkjeblad/Lomsnytt slik at vi og kan nå ut til dei som ikkje er på internett. Likevel, hjelp oss gjerne med å formidle vidare så vi når ut til flest mogleg.

Så ynskjer vi til slutt å nemne at dei som jobbar med vaksinasjon i Lom, oppdaterer så fort dei har meir informasjon å kome med. All informasjon dei sit med om vaksinasjon, og som kan delast, blir delt. Ringer du legekontoret vil du med andre ord ikkje få andre svar enn det du kan lese deg fram til på kommunens nettside.

 

Helsing Lom kommune