Dei høgst prioriterte gruppene er:
- Bebuarar på Lom helseheim og prioritert helsepersonell
- Personar som er 85 år og eldre og prioritert helsepersonell
- Personar som er 75 år og eldre
- Personar som er 65 år og eldre, samt personar som har tilstandar som gjer at dei kjem opp i same risikogruppe.
Det er fastlegen som avgjer om ein pasient skal prioriterast opp til gruppe 4. Dei fire gruppene som er nemnt ovafor utgjer i overkant av 600 personar i Lom.
Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har sagt at ein kan nytte inntil 20% av vaksinane på prioritert helsepersonell. Det er kommunen sjølv som avgjer kva personell dette gjeld ut frå retningslinjer gjeve av FHI og Helsedirektoratet.
Lom kommune har ansvar for vaksinasjon av alle som har folkeregistrert adresse i Lom per 01.01.2021. Lom kommune utarbeider nå prioriteringslister ut frå informasjon gjeve av fastlegane. Dei av innbyggjarane som har fastlege i andre kommunar kan med fordel seie frå til sin fastlege at ein har folkeregistrert adresse i Lom, slik at fastlegen kan gje vidare beskjed til kommunen vedkommande er folkeadressert i. Dette gjeld til dømes fleire studentar.
Ulike vaksinar
Det er fleire vaksinar som er godkjente i Norge nå. Den fyrste som har kome, og som Lom nå er i gang med, treng ein to doser av. Det vil seie at ein etter fyrste dose blir kalla inn att etter ca 3 veker for å få påfyll. Timekort for når du skal ha påfyll, får du når du tek den fyrste dosa.
Når og korleis får du beskjed om tidspunkt for vaksinasjon?
Kommunen får stutt varsel på kva tid vaksinen kjem, og kor mange doser som kjem. Slik vil det truleg bli dei neste månadane. Det inneber at alle som skal vaksinerast vil få stutt varsel – kanskje berre ein dag eller to på førehand.
Så snart kommunen får beskjed om at vaksinen er på veg, vil dei neste på prioriteringslista få ein telefon frå legekontoret i Lom. Da vil du få beskjed om tid og stad. Det kan vere at det blir ringt frå eit ukjent nummer, så ta telefonen sjølv om du ikkje kjenner nummeret.
Kommunen har rigga seg for å handtere dette og har planane klare. Som innbyggjar i Lom kan du vere trygg på at vaksineringa vil gå føre seg etter tur og orden.
Det kommunen treng frå deg:
- Ha tålmod og ver trygg på at du får ein telefon når det er din tur.
- Ta telefonen sjølv om det er ukjent nummer.
- Ver førebudd på at du får stutt varsel.
Dersom du er i tvil om du skal vaksinere deg, så vil du i fyrste omgang få litt tid på deg. Det vil seie at du blir satt nedst i den gruppa du høyrer til, for så å få ei ny moglegheit. Det same gjeld om du er sjuk på vaksinasjonsdagen, du blir da sett opp på lista til neste vaksinasjonsdato.
Dersom du ynskjer å lese om vaksinane, sjå Statens Legemiddelverk.
Litt skryt på tampen
Det er ikkje berre tilfeldigheiter og flaks at vi kom oss gjennom sommaren utan smitte, eller i heile teke at Lom har klart seg så bra gjennom desse månadane. Det handlar og om dyktigheit.
De har vore flinke til å halde avstand, vaske hender og hoste i papirlommetørkle. Halde dykk heime når de er sjuke, og ikkje minst halde dykk heime i bygda så langt det har vore mogleg.
Nå må vi halde ut ei tid til, men vi ser enden. Vaksinasjonen er i gang, og kommunen har som mål å få gjennomført også den på best mogleg vis.
Hald fram med den gode innsatsen de gjer. Hugs å ringe koronatelefonen (481 65 519) om du har symptom – og ta vare på deg sjølv og kvarandre.