Oppdatert informasjon om koronavaksinasjon - 07.06.2021
www.fhi.no
Temasida for koronavaksinasjon er oppdatert, og vi oppmodar deg til å klikke deg inn på sida og lese.
Følgande punkt er oppdatert:
- Når er det min tur til å få vaksine?
- Godkjente vaksinar i Norge
- Koronasertifikat
- Skal barn ta koronavaksine?
- Korleis blir eg varsla?
- Korleis går vaksinering føre seg?
- Kor lenge må eg vente før eg får dose to?
- Arbeidstakarar som midlertidig oppheld seg i Lom
Gå til temaside for koronavaksinasjon.
Vi minner og om at vaksineleveransene går som normalt gjennom heile sommaren.
Lom kommune er førebudd og har beredskap for ei oppskalering av vaksinasjon i juni, juli og august med bakgrunn i ei forventa auke av leveranser til landet desse månadane.
Det blir altså vaksinering i Utgard kvar onsdag gjennom heile sommaren, og vi gjer deg oppmerksam på at du kan bli kalla inn til vaksinasjon i sommarferien.
Publisert 07.06.2021 13.47