Om tida for vaksine 2 ikkje fungerer i høve til ferie eller arbeidsturnus, kan ein på dette tidspunktet utsette vaksinen med ei eller to veker. Det vil seie at vaksinedose 1 vil bli utsett tilsvarande som vaksinedose 2, slik at tidsintervallet blir 12 veker. Andre tilpassingar er per nå ikkje praktisk mogleg.
Vaksineansvarlege gjer merksam på at vi i vekene 20, 21 (og truleg også i veke 22) ikkje får fleire vaksinar enn det som skal til for å vaksinere gong nummer to på dei som har fått dose ein. Nyvaksineringar blir derfor ikkje før litt ut i juni.
Tilbod om vaksine får du per telefon, ver derfor så tilgjengeleg som mogleg framover, og ta telefonen sjølv om det er eit ukjent nummer.
Dersom du lurar på noko kring vaksinasjonen så oppmodar vi deg til å nytte følgande e-postadresse: vaksinasjon@lom.kommune.no.
Per 12.05.2021 er det totalt 767 innbyggjarar som har fått 1. dose med koronavaksine i Lom kommune, og 237 som har fått 2.dose.