Oppdatert informasjon om vaksinasjon - 20.04.2021

Klikk for stort bilde www.fhi.no Per 14.04.21 er det totalt 471 innbyggjarar som har fått 1. dose med koronavaksine i Lom kommune, og 181 har fått 2.dose.  

Alle som har fylt 70 år før 01.05.2021 blir vaksinert seinast 21.04.2021. Om nokon i denne gruppa ikkje har fått tilbod om vaksine, ber vi deg ta kontakt med Lom legekontor.

Vaksinetilgangen er framleis usikker, men om vi får same mengde som nå har vi grunn til å håpe at vi har vaksinert fylgjande grupper etter FHI si prioritering med 1.dose innan 17.05.21:

Gruppe 4

Alder 65-74 år 
og samstundes personer mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstander med høg risiko for alvorlig forløp.  

Gruppe 5

Alder 55-64 år med underliggande sjukdommar/tilstander.  

Gruppe 6

Alder 45-54 år med underliggande sjukdommar/tilstander 

Gruppe 7

Alder 18-44 år med underliggande sjukdommar/tilstander 

 

  • Prioritert helsepersonell i Lom kommune får 1.dose innan 28.04.21. Ca 50%  av desse (34) er allereie fullvaksinerte.
  • Innan 17.05.21 vonar vi og at alle som er fødde før 01.01.1944 er fullvaksinerte.
  • I veke 10 fekk 68 prioriterte i gruppe 5 - 6 ei dose av AstraZeneca. Vi ventar på avgjerd om dose 2 (tilrådd tid 02.06.21) for desse.

Oversikt over kor langt kommunen er kome: 

Status vaksinasjon - oppdatert 20. april 2021
Kven Vaksine Status
Gruppe 1 (bebuarar på sjukeheim) Pfizer BioNTech Vaksinering ferdig.
Gruppe 2 (85+) Pfizer BioNTech. Vaksinering ferdig.  
Gruppe 3 (80-85 år) Pfizer BioNTech Vaksinering ferdig.
Gruppe 3 (75-80 år) Pfizer BioNTech Vaksinering pågår. Dose 1 er sett denne veka.
Gruppe 4 (65- 75 år) Pfizer BioNTech Vaksinering pågår. Dose 1 til alle blir sett innan 12.05.21.
Gruppe 4 – 5 - 6 - 7 personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstandar med særs høg risiko for alvorleg forløp. Pfizer BioNTech Vaksinering pågår. Dose 2 blir sett seinast 28.04.21.
Gruppe 4 – 5 - 6 - 7 personar mellom 18 og 64 år med sjukdommar/tilstandar med risiko for alvorleg forløp. Pfizer BioNTech Vaksinering pågår. Alle får 1.dose innan 12.05.21.
Gruppe 8 – 9 +++ Alle under 65 år utan tilleggssjukdommar /risiko for alvorleg forløp. Blir vaksinert etter fødselsdato fortløpande frå 19.05.21.

 

Vi ber innbyggjarane om å fylgje med på heimesida til Lom kommune. Nettsida vil heile tida vere oppdatert med den informasjonen vi har. Vi vil og seie frå om det blir vesentlege forseinkingar på vaksineleveringane.

  • Den enkelte blir kontakta når sin tur er komen, det er ikkje naudsynt å ta kontakt med Lom legekontor.
  • Inntil vidare vil innbygjarane bli inviterte til vaksinering per telefonsamtale, med påfylgjande sms-varsling.